Å spå i grut er ein gamal kunst, som slett ikkje er enkel å lære. Etter å ha drukke ein kopp kokekaffi til berre gruten er att, skal du snu koppen oppned på tefatet, vri koppen tre gongar rundt slik at hanken peikar mot næraste kyrkje. La koppen stå til gruten har stivna skikkeleg i botnen. Deretter snur du koppen, og ufrå mønsteret kan du lese framtida. Grovt sett er det tre måtar å brenne (eller roste, som det og heiter) kaffibønnene på. Den søreuropeiske måten vert kalla svartbrenning, og har den bitraste smaken. Andre namn er oljebrent og italiensk brent. Grad nummer to, som er lysare, er mellomeuropeiske mørkbrende, og kalla franskbrende bønner. I Norden, USA, Storbritannia og mange andre land er brenninga endå lysare, og det er også denne som er mest nytta i verda. Denne tredje måten har ikkje noko namn. [ANDELEN AV KAFFI-EKSPORT i ulike land, i førehald til dei samla eksport-tala:] Uganda 92% Etiopia 66% El Salvador 28% Guatemala 23% Tanzania 21% Colombia 20% Costa Rica 17% Kenya 14% Brasil 5% [I ein kilo kaffi-pulver går det med nesten 5000 kaffibønner.] William Harvey, som oppdaga blodomløpet i kroppen, testamenterte femtiseks pund kaffi (25,4 kg) til det medisinske fakultetet i London. Føresetnaden for gåva var at kollegaene til Harvey kvart år skulle møtast på bursdagen hans for å drikke ein kopp kaffi til hans ære. Om du føler deg slapp etter ein anstrengande middag, er ikkje det noko rart. Blodet strøymer til magen for å hjelpe til med fordøyinga. Om du då har noko viktig føre, og treng noko oppkvikkande; ta ein kopp kaffi eller to. Sjokolade gjer det berre verre.